Monday, March 01, 2010

Carrying a ton of feathers

Bra av Professor Vandvik:
"Ho trur det er viktig at kvinner får både støtte og eit spark bak.
– Kvinner er kan hende meir sårbare i visse periodar av livet, då treng ein støtte frå miljøet ein er i. Ein treng nokon som kan ta tak i deg og seia at det du gjer er bra, og oppmodar deg om å satsa vidare og søkja dei høgare stillingane. Har ein det, er mykje gjort. Sjølv har eg alltid hatt mykje bra folk rundt meg, folk som har tatt tak i meg når det trengst, seier ho.
– Kan eit generasjonsskifte betra kjønnsbalansen?
– Det er mogeleg, men alle studier viser at det skjer ikkje atuomatisk; kvinnene forsvinn i større grad enn menn i alle ledd i den akademiske kjeden. Eg trur derfor skeivheitene vil halda seg, med mindre vi gjer noko aktivt for å endre de underliggjande årsakene til at det er slik. Stereotypen på ein professor og ein vitenskapleg leiar er jo ein godt vaksen, kanskje litt distré, mann. Slike indre bilde bidreg til at dei som rekrutterer ofte ikkje vel kvinner, og at kvinner som er aktuelle for ei professorstilling eller eit prestisjetungt stipend ofte ikkje søkjer, meiner Vandvik."

No comments: